tirsdag 10. februar 2009

Noen dikt av Rolv Mikkel Blakar fra "Språk er makt"

Kom over en bok fra 1973 som heter "SPRÅK ER MAKT" av Rolv Mikkel Blakar.
Han skrev i sin tid en serie "samtidsskildringar" fra Norge i
1970-årene, i forbindelse med det han omtalte som reserveringsteknikken.
Her er noen eksempler som jeg bare MÅ dele med almuen:

SJUKEHUSOPPHALDE:
Uhellet var ute -
ein bil med eit mannfolk bak rattet
køyrde på meg
- eg vakna opp att på sjukehuset.

Ein stor, sterk sjukebror
sat og heldt meg i handa.
Da han sågat eg kom til meg sjøl att
henta han legen.

Legen - å kor vakker ho var i den kvite frakken
-smilte til meg
og spurte korleis eg kjende meg.

KONTORROMANTIKK:
Sjefen stoppar midt i dikteringa
- seieer ikkje meir.
Vert berre sitjande og stire grådig
på den store, muskuløse kontormannen sin.

"Er du opptatt i kveld, herr Hansen;
eller kan du tenke deg å arbeide overtid?"
Kontormannen rødmar kledeleg
- han veit godt kva sjefen har i tankane.

Sjefen ryddar da og vekk all tvil
ved å legge til:
"Du forstår, herr Hansen,
mannen min er bortreist
- han er ein tur hos far sin."

FRIERI:
Kvar einaste laurdagskveld
er dei unge jentene
på friarfot
for å finne seg ein jomherre,
ein som enda ikkje har mista sin uskulds jomherredom
- det er jo slike ein gifter seg med.

KORT UTDRAG FRÅ FESTREFERATET:
Dei var der alle saman:
Stortingspresidenten med mann,
statsministaren med mann,
fylkeskvinna med mann,
og ikkje å gløyme, hovedpersonen sjøl,
generaldirektøren med mann.

LØNN FOR KVA?
Golvvask er tungarbeid
- men vaskekonene
tener dårleg.

Embetsmenn, statstenestemenn, fylkesmenn, stortingsmenn
tener godt
- dei har ikkje tungarbeid.

Eg lurer på eg,
om vaskemennene
får god eller dårleg lønn?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar