Du har gått den eine mil med meg
nå går eg den neste mil
med deg, og vi talar
om våre liv, og Virgina Woolf,
Albioni, tidevatn, gamle
og nye dagar, vennskapskjærleik,
om sår som aldri vil gro
og vi gir kvarandre balsam, vi har
eit rikhaldig reiseapotek, både
tåredropar og lattersalver
Viser innlegg med etiketten Åse-Maroie Nesse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Åse-Maroie Nesse. Vis alle innlegg
søndag 1. mars 2009
lørdag 28. februar 2009
LEGG IKKJE DITT LIV I MI HAND av Åse-Marie Nesse
Legg ikkje ditt liv i mi handom min kjærleik er svar
min kjærleik er også eit rop
i motvind
legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjandeurt
som veks av tårer
legg ein fugl i mi hand
ein pjusket liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge:
Kom tilbake når du vil
legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman
men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
legg ikkje ditt liv i mi hand
lev sjølv -
Etiketter:
dikt,
Åse-Maroie Nesse
Abonner på:
Innlegg (Atom)